Om

Koret

Koret SKRUK har stått under leiing av Per Oddvar Hildre i over 40 år, og har gjennom alle desse åra vore plogspiss og grensesprengar innan norsk kormusikk. SKRUK har sidan starten i 1973 funne, og blitt funnen av, spanande musikalske samarbeidspartnarar i inn- og utland.

Sjå meir info på wikipedia.

Dirigent

Per Oddvar Hildre (fødd 23.april 1950) er ein norsk kordirigent og korpedagog. Han er kanskje bedre kjent som «Prots» og starta SKRUK i 1973. Han blir rekna som ein av Europas ledande kordirigentar og har motteke fleire utmerkelsar for sitt arbeid.

Sjå meir info på wikipedia.

Medlemmer

Koret er dreve som ein ideell organisasjon og består av 50 songarar frå heile Noreg. Aktiviteten er prosjektbasert og koret møtes 4 helger iløpet av året i tillegg til ei lengre sommarsamling.