SKRUK til Nordstrand og Istanbul

by / torsdag, 08 mars 2018 / Published in Nyhende

Då er vi ferdig med februarsamlinga vår i Haugesundsområdet. Til tross for tidvis ganske mykje snøv møtte publikum opp og fylde tre hus til randen.
Du kan sjå klipp frå konserten vår i Nedstrand kyrkje, samt lese anmeldelsen av konserten, der terningen blei rulla til ein 6ar, skreven av Tysvær Bygdablad. Anmeldelsen finn du under media-fana her på sida. Link til youtube-klippet finn du i teksten her

Neste moglegheit for å få med seg SKRUK i år blir i Norstrand kirke i Oslo. Der skal vi ha konsert fredag 27. april klokka 21:00.
Dagen etter reiser vi til Istanbul for å ha konsert med Masha Vahdat og Coskun Karademir. Masha har vi samarbeid med tidlegare i form av plate og konsertar i Iran, men Coscun blir eit nytt bekjentskap for oss. Vi gler oss!

Billettar til Nordstrand finn du her på Ticketmaster.com

TOP