SKRUK på turné i oktober

by / torsdag, 17 august 2017 / Published in Nyhende

SKRUK til Bergen!

SKRUK_foldnes*SKRUK i Foldnes Kyrkje september 2014 (Foto: Torstein Skeie)

Då er det klart for ny SKRUK-turné til Bergen!
Vi er akkurat ferdig med sommersamling på Kjeldsund der vi har øvd inn nytt stoff, samt pussa støv av gammalt. Av gammalt stoff har vi leita fram «I vinens speil». Dette er eit prosjekt som SKRUK gjorde ilag med Mahsa Vahdat. Grunnen til at vi leitar fram dette er fordi vi skal gjere nye konsertar med dette stoffet ilag med Mahsa i 2018.

Men først skal vi gjere turnéar innanlands, og aller først Bergen. Med både nytt og gammal stoff kjem vi flygande med kappene vår i midten av oktober for å ha 5 konsertar i Bergensområdet.

Konsertstader:

Fredag 13/10: Fitjar kl. 21:00

Laurdag 14/10: Korskyrkja kl. 16:00 og Knarvik kyrkje 20:00.

Søndag 15/10: Foldnes kyrkje kl. 13:00 og Fana kyrkje kl. 17:00.

Billettar kan kjøpast i døra eller på Ticketmaster. (klikk på lenke for å finne billettar)

Vaksen: 300

Barn(under 12år): Gratis

Student: 100kr

Familie(i samme husstand): 700kr

Hjarteleg velkomen!

 

TOP