Plateinnspeling og Olavsfestdagane

by / fredag, 28 juni 2019 / Published in Nyhende

I slutten av april spelte SKRUK inn ei ny og spennande plate. Tekstane og melodiane er laga av Kirsti Dahl Johansen og arrangementa er av Tord Gustavsen. Dette gler vi oss veldig til å presentere for dykk! Meir om plata og dato for plateslepp kjem. Følg med på heimesida og på Facebook.

I tillegg til å sleppe plate, kan vi endeleg meddele at vi skal ha konsertar under Olavsfestdagane i Trondheim! 29. juli deltek vi på det tradisjonsrike arrangemetet «Allsang i Borggården» . Dagen etter, 30. juli, skal vi ha konsert i Vår Frue Kirke saman med militærkoret LOVA frå Madagaskar, som vi også samarbeidde med i 2014 Det blir urframføring av heilt nytt stoff, skrive av Anders Rønningen. Meir om både «Allsang i Borggården» og konserten med LOVA finn du på olavsfest.no.
Billettar finn du på olavsfest.no

TOP