Norsk korklang møter cubansk salsamusikk!

by / mandag, 11 april 2016 / Published in Nyhende

SKRUK_vocaldivas

 

Søndag 17.april vitjar SKRUK Fosnavåg for første gang på mange år. Med seg på laget har dei den prisvinnande vokalkvintetten Vocal Divas frå Cuba. Dei er i Noreg i forbindelse med eit samarbeid med Per Oddvar «Prots» Hildre for å halde konsertar og workshops, og nyttar høvet til eit musikalsk møte med SKRUK.

SKRUK vart starta i studentmiljøet i Volda i 1973 og har frå starten til idag vore under musikalsk leiing av Per Oddvar Hildre. Dei har sidan gjeve ut nærmare 30 album og vore ein plogspiss i norsk korliv med grensesprengande prosjekter og musikalske samarbeid på tvers av landegrenser og kulturar.

VOCAL DIVAS var den første kvinnelige a cappella vokalgruppe på Cuba. Den vart etablert av Silvia Calzado 26 April, 2000 i «kor-byen» Santiago de Cuba, og sprang ut av det professjonelle koret «Coro Madrigalista» som er Cubas eldste kor.

Sidan oppstarten har VOCAL DIVAS med sitt særeigne format – 2 sopranar og 3 contra-altar – utforska cubansk og caribisk populærmusikk og folklore. Etter kvart har dei også fått med amerikanske og afrikanske melodiar på repertoaret. Arrangementa er tilpassa deira spesielle format og medlemmane sine spesielle eigenskapar.

Sidan stiftinga av gruppa, har songarane i Vocal Divas også vore med å utvikle Esteban Salas Conservatory og vore med i utdanninga av nye studenter. Dei arbeider også som konsulterande musikklærarar og dirigentar i prosjekta «Arbeid med barn for korn», «Fra korn til brød» og «Vox Melodía», der unge studentar av Vocal Divas lærarar får utvikle seg som dirigentar.

Vocal Divas består av:
Silvia Margarita Calzado Derouville – Contra-alt og Dirigent
Adriana Porto Rodríguez – Contra-alt
Dayana Batlle Samón – Sopran
Danais Palmero Gomez – Sopran
Vivian Mendo Alcolea – Contra alt

Konserten vil vere eit spanande møte mellom den særeigne norske korklangen til SKRUK og ei leiande vokalgruppe frå Latinamerika. Vocal Divas har vunne fleire prisar for musikken sin, og vitjar no Noreg med sin unike a cappella salsamusikk. Konserten i Fosnavåg Konserthus vil bestå av ei avdeling med SKRUK sitt rikhaldige a cappella arkiv, ei avdeling med Vocal Divas og avsluttes med nokre fellesnummer med cubansk salsamusikk.
Det er duka for ein spesiell aften i Fosnavåg Konserthus sin unike akkustikk, hjartleg velkomen!

Fosnavåg Konserthus
Søndag 17.april kl.16
cc: 300(v) 100(stud) 700(fam)
Born under 12 år gratis.
(Billettar kan kjøpast på Fosnavåg Konserthus sine nettsider eller i døra.)

TOP