Februarturné

by / onsdag, 06 desember 2017 / Published in Nyhende

 

Då er jula ferdig innsungen for SKRUK sin del, og vi ser framover mot turné på den sørlige delen av vestlandet. Nærmare bestemt Haugalandet. Vi tek med oss vårt rikhaldige repertoar, kappene og vår kommandør Prots og kjem nedover helga 9.-11. februar.

SKRUK er aktiv som aldri før. Det neste store vi jobbar mot no er eit sammarbeid mellom SKRUK, Iranske Mahsa Vahdat og Tyrkiske Coskun Karademir. Vi møtte Coskun i Oslo når vi var på juleturné der. Sjå video frå møtet på våre facebook og instagramsider. Facebook/SRKUK og @skrukchoir på instagram.

Vi startar turnéen fredag med konsert i Norheimsund kyrkje klokka 21:00.
Laurdag går turen til Stord og Stord Kyrkje. Konserten her startar 15:00.
Vi avsluttar turnéen samme dag med konsert i Nedstrand Kyrkje klokka 20:00.

 

Billettar til Norheimsund og Stord Kyrkje finn du på Ticketmaster.

Ticketmaster.com

 

Billettane til Nedstrand Kyrkje blir lagt ut på Tysværtunet Kulturhus sine sider.

Tysværtunet Kulturhus

TOP