STARRY CROWNS IN HEAVEN

Konsert i Helgerud Kirke, Bærum

Søndag 14.februar vil Skruk halde konsert i Helgerud Kirke i Bærum. Konserten har fått namnet Starry crowns in heaven, etter er tittelen på spirituals plata som kom ut i oktober (sjå nyhende om plata nedanfor og på www.kkv.no). Det vil difor ikkje vere ei stor overrasking at mange av songane på konsertprogrammet er hentet derfra. Konserten vert ein variert a capella konsert i kjend SKRUK-stil med smakebitar frå heile repertoaret til koret. Dette vert den einaste konserten som koret held denne februarhelga. Velkommen!

 

Konsert

Søndag 14.2 kl 17.00              Helgerud Kirke, Bærum

Billettsalg ved døren fra 30 min før konsertstart 

 


NY PLATE!  Starry Crowns in Heaven

SKRUK i samarbeid med Kirkelig Kulturverksted slepte den 12.oktober ei ny plate. Denne gongen er det ei plate med spirituals som har fått tittelen Starry Crowns in Heaven. Plata inneheld både kjende og meir ukjende sprituals. Dei fleste vil kjenne att songar som Give me that old time religion, Give me Jesus og What a friend we have in Jesus. Men på denne plata har Skruk i stor grad henta ny inspirasjon frå New Orleans gjennom ulike arrangement og komposisjonar av Moses Hogan. Fleire av desse songane har vore på SKRUK sitt konsertrepertoir ei god stund, men har fram til no ikkje vore mogleg å høyre på plate. Mellom anna gjeld dette We shall walk through the valley in peace, ein vakker og rolig spiritual som koret har hausta mange lovord for på sine a capella konsertar. Platetittelen er henta frå Good news, chariot's comin', ein av dei nye songane som koret fekk lære av Professor Carver Davenport frå New Orleans då han vitja Norge denne sommaren. Plata inneheld eit variert utvalg av spirtuals, fjorten i alt, og mellom dei andre spora finn vi både rolige songar som Abide with me og meir spenstige som Didn't my Lord deliver Daniel og Elijah Rock. Plata kan kjøpast online frå www.kkv.no


"Et himmels verk"

Foto: Thøger Amundsen/CanalStreet

Bestillingsverket "Requiem" som Tord Gustavsen komponerte til Canal Street 2009 i Arendal vart ein suksess, kan ein lese frå festivalen si eiga nettside. "Etter konserten satt vi igjen med en opplevelse av at vi var dypt grepet, og at vanlige ord blir nakne når vi skal beskrive en slik opplevelse. Den sitter i hjertet". Les meir og sjå bilete frå konserten på http://www.canalstreet.no/Nyheter2/Et-himmelsk-verk/


Plateslepp: Misa Campesina

Den ferske plata til Skruk er komen i butikkane. Saman med Katia Cardenal har Skruk og Kirkelig Kulturverksted spelt inn ein ny versjon av den nicaraguanske messa Misa Campesina. "Et spennende møte mellom SKRUK og Katia Cardenal, mellom Norge og Nicaragua og mellom gammel messetradisjon og en fristilt måte å betrakte kirkens budskap på." -Erik Hillestad.

Høyr på plata

>> Les omtale om Misa Campesina

Plateinnspeling i Volda Kyrkje. Prots, Katia Cardenal og Erik Hillestad. Foto: Ola Vågsholm


Ny plateinnspeling i Volda Kyrkje

Skruk har fullført innspelinga av den nicaraguanske messa Misa Campesina av komponisten Carlos Mejía Godoy. Solist er Katia Cardenal, og eit nicaraguansk band sørgar for rett stemning med sine søramerikanske rytmer. Tittelen kan oversettast til "Bøndenes messe" og viser til mannen i gata sitt forhold til Gud. Tekstane er oversatt til norsk av Erik Hillestad, og satt i ein norsk samanheng. Plata vert tilgjengeleg i løpet av hausten.



"Bassrekka til Skruk er åleine verdt inngangspengane" -Strilen


foto: Meinert Helland, Strilen

5.-7.februar vitja Skruk fleire kyrkjer i Hordaland. Publikum møtte mannsterke, og forlot med tårer i augekroken. Det varierte repertoaret vart verdsatt av dei frammøtte, og fleire nye musikkstykker vart framført. Magnar Åm har igjen utvida notebunken til Skruk, denne gong med eit nytt arrangement av salmen "Å var eg meir deg Jesus lik". Koret song a cappella på Stord og i Manger kyrkje, såvel som Skjold kyrkje og Korskirken i Bergen.

nordhordland061008.pdf
Strilen080408.pdf

Relansering av Hallelujazz

I ein serie av relanseringar av tidlegare utgitte LP-ar frå Kirkelig Kulturverkstad, kjem no det legendariske konsertopptaket frå 1984 ut på CD. Innspelinga er frå Grieghallen i Bergen, og framført saman med Ytre Suløens Jass-ensemble, Iver Kleive, Marit Carlsen m.fl.

Hør smakebitar av Hallelujazz!
 

Hallelujazz.pdf

"Stemningsfullt med Skruk"

Foto: Odd Furenes

Eit entusiastisk publikum fylde kyrkjene då Skruk vitja Sunnmøre 08.-10.februar. Vigra kyrkje, Sykkylven kyrkje samt Spjelkavik kyrkje husa konsertane som gav utbytte for både kor og publikum. Vintersol og snøkledde fjelltoppar skapte ei ramme av vårstemning på Sunnmøre denne helga. I tillegg hadde koret produktive øvingar, og fleire nye arrangement har utvida a cappellarepertoaret. Dette kan du erfare på seinare a cappellaturnear med Skruk.

oyblikk140208.pdf
Sunnmorsposten110208.pdf